Nasjonal konferanse om Asperger syndrom med fokus på parforhold/samliv og psykoedukasjon individuelt og i gruppe
Regionalt Fagmiljø Helse Vest (RFM) og Nasjonal Kompetanseenhet for Autisme (Autismeenheten) inviterer til spennande konferanse i Bergen i juni neste år. Frå Storbritannia kjem Maxine Aston som har gitt ut fleire bøker om temaet samliv og parforhold der ein eller begge har Asperger syndrom. Aston har òg lang erfaring med klinisk arbeid med slike samlivsutfordringar og vil ha fokus på dette i sine innlegg på konferansen. Nasjonale førelesarar vil vere henta frå ulike felt så som familievernet, psykisk helsevern for barn/unge, habilitering og ulike førstelinetiltak. Det vil bli gitt presentasjonar av diverse individuelle og gruppebaserte psykoedukative tiltak. Målet for konferansen er å gi deltakarane kompetansepåfyll til sjølv å kunne yte betre hjelp til personar med Asperger syndrom og deira pårørande.
Konferansehotell vil vere Scandic Bergen City sentralt i Bergen sentrum, og det vert festmiddag på Fløien Folkerestaurant om kvelden 5 juni. Tidleg juni er ei flott tid i Bergen og i kombinasjon med eit solid fagleg program kan dette bli årets høgdepunkt for deg som har engasjement og interesse for konferansen sine viktige tema.
Konferansens hjemmeside: http://www.creatobooking.no/pEvent.cfm?id=66



Abonnere på denne nyhetskilde